Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Trailer trash, tenåringsromanse og eremittnudisme

Bold Line er ei miljøskildring av eit fiktivt, opphøyd trailer trash-miljø, der ein uskyldig tenåringsromanse kontrasteres med ein okkult brutalitet. Prosjektet er eit samarbeid mellom fotograf Runar Sørheim og scenograf Øyvind Langdalen.
3. august kl. 18 opnar utstillinga Bold Line på Fotografiens Hus i Rådhusgata 20 i Oslo. Prosjektet er ei overdriving og romantisering av trailer-trash estetikken.

– Det er ein del av eit større personlig fordjupningsprosjekt, der vi skaper opphøyde miljøer, med tilhørande mytologi og urban legends, som likevel kjennest innlevde og gritty, seier Runar Sørheim.

Utstillinga Bold Line visest fram til 27. august.

Om fotografen
Runar Sørheim frå Ørsta i Møre og Romsdal, født i 1989. Er utdanna filmfotograf frå Den Norske Filmskolen i Lillehammer, i 2014. Bor i Oslo og jobbar som freelance filmfotograf. Har ofte eigne små og store fotografi og videokunst-prosjekt på sida, med fokus på historieforteljing og filmatiske verkemiddel. "Bold Line" er hans første separatutstilling.

Utstillinga finn du i Fotografiens Hus, Rådhusgata 20, Oslo.
 -
 -
 -

Varsle Foto.no
Tips en venn
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu