Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Abusdal & Abusdal – Radius 500 meter

Kva var det eigentlig me levde av før olja? Radius 500 meter er eit historisk dokument over lokalsamfunna på 1970- og 80-tallet, skildra gjennom ein serie personlege bilde frå Setesdal.
I september visast utstillinga Radius 500 meter på Fotografiens Hus i Oslo. Bilda i utstillinga tek utgangspunkt i arkivet til Åsmund Abusdal, men kunne vore fotografert kor som helst i bygde-Noreg. Utstillinga er satt saman av barnebarnet Terje Abusdal.

– Bestefar var ein ivrig fotograf og bidrog jamt til lokalavisa. Når han hadde fått bildet han ynskja, så eksponerte han gjerne resten av filmen av eitt og same motiv (til dømes ein gravstein) slik at han kunne framkalle han fortare. Storparten av bilda hans kom aldri på trykk. Det er eit utval av desse som heng her, bilde utan umiddelbar nyheitsverdi, men som tretti-førti år seinare likevel viser seg å ha ei historie å fortelje, seier Terje Abusdal.

Utstillinga opnast av Thomas Hylland Eriksen, torsdag 31. august kl. 18.
Radius 500 meter visast fram til 24. september. I forbindelse med Kulturnatt 15. september halder Terje Abusdal foredrag kl. 20.

Om Abusdal & Abusdal
Åsmund Abusdal (f. 1915) var pensjonert bensinforhandlar og sjølvoppnemnd lokalavisjournalist frå Dåsnes i Setesdal. Han var ein vidgjeten skihoppar, motstandsmann under krigen og ihuga kortspelar i fredstid. I samband med sistnemnde var han òg kjend for å være ein svært dårleg tapar (me lyt vere glade for at han vann krigen).

Terje Abusdal (f. 1978) er fotograf med bakgrunn frå samfunnsøkonomi. Han er vinnar av årets Leica Oskar Barnack Award og i 2015 gav han ut si fyrste fotobok Radius 500 Metres på Journal Forlag. Terje har tidligare mellom anna vunne publikumsprisen ved Nordic Dummy Award to gonger, og han var med i den andre utgåva av Norwegian Journal of Photography. Han bur og arbeider i Oslo.

Radius 500 meter er den fyrste separatutstillinga deira.
Foto: Abusdal og Abusdal -
Foto: Abusdal og Abusdal
Foto: Abusdal og Abusdal -
Foto: Abusdal og Abusdal
Foto: Abusdal og Abusdal -
Foto: Abusdal og Abusdal

Varsle Foto.no
Tips en venn
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu